Grunge kyrkje var open kvar tysdag og torsdag i juli


Grunge kyrkje var open kvar tysdag og torsdag i juli


Kvar tysdag og torsdag i juli var Grunge kyrkje open mellom  klokka 11 og 15. Friviljuge i kyrkjelyden stilte som «kyrkjevertar». 

Open Grunge kyrkje var eit tilbod både for reisande og fastbuande. Kvilestad, stille stad, bønestad, lærestad, stad for oppleving. Fleire av dagane var kantor Robertas Lamsodis innom og øvde på orgelet. 30 reisande var innom desse 8 dagane. Nokre var innom berre for å be, andre var lengre innom, og fekk orientering om kyrkja.30 er ikkje det store talet, men likevel 30 som no har fått eit høve til å kome inn i ei open kyrkje. Dei som var vertar, skal seinare i haust evaluere tiltaket saman med dei kyrkjetilsette. Etter kvart skal ein ta stilling til om ein vil ha open kyrkje sumaren 2023 også.

LITT OM GRUNGE KYRKJE

Grunge kyrkje er soknekyrkja for Grunge sokn, som dekker øvre del av Vinje kommune, frå Mogane og Grungebru i aust, vestover mot Grungedal, Tveiten, Edland, Haukeli, Vågslid og opp mot høgste Haukelifjell på grensa mot Røldal (i noverande Ullensvang kommune), og mot Bykle i retning Setesdal og Sørlandet.

Grunge kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1850 med plass til om lag 150 personar. Kyrkja er bygd ut frå ei tilpassa typeteikning av slottsarkitekt H.D.F. Lindstow. Svært mange norske kyrkjer er bygd over same lest, m.a. Nesland kyrkje her i Vinje, og Mo kyrkje i nabokommunen Tokke. Saave Brufloti frå Mo bygde kyrkja. 

Kyrkja er dekorert av rosemålaren Aanund Lunden frå Grungedal.

Harald Kihle har måla altartavla av den milde Kristus som kjem mot ein med fredshelsing. Landskapen han stig ut av, vatnet og fjella, er den du ser når du går ut av kyrkja. Skisser til Kristusfiguren finst i kyrkjestoga.

Øvst Guds faderauge, som verner og velsignar, inne i ein trekant, treeininga – Gud Fader, Jesus Kristus og Den heilage ande.

Bak i kyrkja heng ein litografi av Henrik Sørensens nordiske Kristus. Harald Kihle og Henrik Sørensen arbeidde saman sumrane i Smørklepp, og har truleg lete seg inspirere av kvarandre, m.a. når dei teikna og måla den «kvite», nordiske Kristus. 

Kyrkjetekstilar Raudt antipendium og preikestolsklede og altarduk er gjord og gjeven av Gudbjørg Kvammen som gåve til 100-jubileet i 1950. Inger Johanne Tveito restaurerte broderiet i 1993.

Til 150-årsjubileet i 2000 laga Borgny Farstad Svalastog både grøn og kvit komplette seriar. Inger Johanne Tveito broderte. (Meir om tekstilane - side 31 i jubileumsboka.)
Den lilla serien kom seinare, og er gjort og gjeven av Elisabeth Bratland.

Døypefatet som no vert bruka er i keramikk, gjort av Gerd Danbolt Svalastog. Det gamle, som truleg kom til kyrkja då ho var ny, er av fortinna kopar.

Oblatskrinet er eit lite klenodium i sylv frå 1748. Det og kalken er «gjenbruk» frå Heglands kyrkja i Moland. Kanskje kjem dåpsfatet og derifrå? ( meir s. 15 i jubileumsboka).

Nytt i år er to "brudestolar" i gyldenlær gjorde og gjevne av Bergljot Fosstveit.

Orgelet er eit digitalt orgel frå 2020. Det førre orgelet, eit pipeorgel frå Norsk Harmoniumfabrikk, er framleis på plass på galleriet, og kan nyttast.
Det eldste orgelet, eit trøorgel, står i kyrkjestoga. Det og er spelbart!

Tilbake