Tusenkunstnaren som bygde Gudshus


Jarand Rønjom (1750-1822), var mannen bak kyrkjene i Åmotsdal, Vinje og Rauland, men utstillinga Vest-Telemark Museum opna 1. mai, dokumenterer at han var meir enn tømmermann. I sommar og til hausten, blir det arrangement regi av Seljord kyrkjelege  fellesråd, som vi i Vinje tek del i.

 

Han laga klokker og han var børsemakar, til og med pistolar blei skapt i verkstaden han hadde på Kultan i Åmotsdal. Han hadde ein særmerkt formsans. På minne-steinen ved Åmotsdal kyrkje står m.a. eit dikt av Olav T. bakken:
«Han laga klokkor – og fine ur, han bygde kyrkjor, stovor bur, han smia sylv for mang ei brur, - ein sermerk gåverik natur.»

Utstillinga som Vest-Telemark Utstillinga skal stå i heile sommar, og er verdt eit besøk.

Sundag 17. juli kl. 12
blir det frilufts-gudsteneste i tunet på Kultan i Åmotsdal der Jarand Rønjom bygde og budde. Vinje sluttar seg til den (sjå messelista).
Laurdag 24.september
er det lagt opp til rundtur med buss. Det blir stopp ved alle kyrkjene Jarand Rønjom bygde.

 

Tilbake