Alle født i 2008 er velkomne til å vere konfirmantar i 2023.
I desse dagar går det ut invitasjonar til å bli med på førebuingane som startar i januar neste år.
Anne Tempelen (biletet) er presten som har ansvaret for konfirmasjonsførebuingane i Tokke og Vinje. På biletet driv ho og pakkar invitasjonane for Vinje, som ho vil ha ut før 17. mai. Ho har berre postadresser til dei som er døypte, men understrekar at alle er velkomne til å vere med.
Anne fortel at året fram til konfirmasjon inneheld samlingar lokalt, men og treff saman med konfirmantar frå heile prostiet. Det er eit felles opplegg kalla "Ønsket og elsket" der alle konfirmantamne i øvre Telemark er med.
Førebuingane startar i januar 2023, men orienteringsmøte for dei som ønskjer å vere med på dette, er allereide no i mai og juni. For Vinje og Grunge på Kyrkjekontoret ved Vinjesenteret mandag 23. mai kl 18. For dei som går på Rauland skule, er møtet i kapellert på skulen 2. juni kl. 18.
Orienteringsmøtet er både for konfirmantar og føresette.