Klart for bygging av brukarvennleg inngang til Vinje kyrkje


Klart for bygging av brukarvennleg inngang til Vinje kyrkje


Etter at Riksantikvaren, Statsforvaltaren, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark og Agder og Telemark bispedøme har sagt ja, kan ein no snart gå i gang med bygging av den nye tilkomsten til Vinje kyrkje. 

Inngangen blir frå vestsida, over bekken tii våpenhuset, som får ny dobbel dør. For å kome dit blir det laga ei vakker bru over bekken frå bakken ned langs kyrkjegarden. Den gamle steintrappa, og døra mot vest skal bli verande.

Det som må gjerast før bygging er å gjennomføre ei siste arkeologisk utgraving inn til veggen. I fjor vart det gjennomført ei avklarande undersøkjing, der NIKU fann omrisset av nokre gamle graver, truleg frå middelalderen. Den arkeologiske utgravinga er planlagt ein gong i midten av juni. I følgje tilsagnsbrevet frå Fylkeskommunen kan ein då starte med bygginga. 

Over 30 års arbeid ser difor ut til å gå mot slutten.

Tilbake