JOLEKONSERT MED KJETIL FLATLAND I GRUNGE KYRKJE.


Fredag 26.november 2021 kl.19.00 vert det jolekonsert i Grunge kyrkje.

 

Etter avlysning i 2020 grunna korona har me endeleg gleda av å kunne invitere Kjetil Flatland og Helge Wahl Flatland til å halde førjolskonsert i Grunge kyrkje fredag 26.november kl.19!

Telemarkingen Kjetil Flatland er etter kvart eit kjent navn for mange. Med sine to albumutgjevingar har han hausta brei anerkjenning som musikar og songskrivar. "Jeg har umiddelbart fått meg ein ny favoritt", skreiv Tor Hammerø i Nettavisen, og NRK P1 trilla terningkast 5 for "Hyttetankar".

Kjetil Flatlands filosofiske og livanskuande viser - ofte med naturen som kulisse, appelerer til fleire generasjonar, og eit stadig aukande publikum får øyrene opp for songaren og saksofonisten frå Seljord.

Hans slektning og mangeårige makker Helge Wahl Flatland er ein anerkjent og mykje bruka musiker. Med sitt kjenslevare og virtuose spel tryllar han fram harmoniar og melodiar, som underbyggjer og framhever tekst og stemningar.

I Grunge kyrkje fredag 25.november kl. 19 serverer Flatlandkarane kjende og kjære jolesongar ispedd folketonar og eigenkomponert musikk i ei perle av ein konsert, som med rette vert kalla "Jol m.m.":

Billettar i døra kr: 200.-. Me tek Vipps og kontant.

https://www.visittelemark.no/hva-skjer/jol-m-m-konsert-med-kjetil-flatland-p6005343

https://fb.me/e/1q8b6Woj9

Tilbake