Gudstenester i joli.


Gudstenesteplanen for joli 2020 er no klar.

 

Koronapandemien gjer at det vert ei annleis jol i år. Det gjeld og gjennomføringa av gudstenestene i Vinje. Smittevernsreglane legg begrensingar i kor mange me kan ha i kyrkjene i dei einskilde gudstenestene.

Gudstenestene joleftan er spesiell for mange. Det er tradisjon å gå i kyrkja. For mange er det startskotet på jolefeiringa. For at flest mogeleg skal få gå i messe har me vald å ha gudstenestene på Rauland og i Vinje som utegudstenester.

1. og 2. joledagsmessene vert avvikla som "vanleg" inne i kyrkjene med 40 deltakerar. 2.desember kom det ny smittevernsvegleiar med ei innskjerping ved salmesong. Ved salmesong må det vere 2.meter mellom kvar person.Då kan ein kun vere 20 deltakerar. Det betyr at det er antall deltakerar som avgjer om det vert salmesong i desse gudstenestene.Vert det ikkje salmesong vil me avslutte med å syngje "Deilig er jorden" ute på kyrkjebakken etter gudstenesta.

GUDSTENESTEPLAN JOLI 2020.

Joleftan   Rauland kyrkje kl.14.00  Prest Tor Eivind Erikstein       Utegudsteneste.

                Vinje kyrkje      kl.16.00  Prest Tor Eivind Erikstein       Utegudsteneste.

1.joledag Rauland kyrkje kl.11.00  Prest Asgeir Sele.

                Vinje kyrkje      kl.11.00  Prest Tor Eivind Erikstein.

2.joldag   Øyfjell kyrkje    kl.11.00  Prest Asgeir Sele.

                Grunge kyrkje kl.11.00   Prest Tor Eivind Erikstein.

Dei generelle råda gjeld og i joli. Hald avstand , vask hendene og hald deg heim om du er sjuk.

KYRKJA I VINJE YNSKJER ALLE EI GOD JOLEHØGTID!

              

Tilbake