Det er Kyrkjeleg fellesråd i Vinje ved Kyrkjeverja som har gravferdsansvaret i Vinje kommune, uansett trudomssamfunn.
Om ein ynskjer kyrkjeleg gravferd, er soknepresten i Vinje, Tor Eivind Erikstein, den som bør kontaktast.
Til vanleg skal gravferd haldast innan 10 virkedagar etter dødsfallet. Gravferdsdagen blir avtalt med Kyrkjekontoret. Der det er kyrkjeleg gravferd, skjer det enklast med avtale med presten.
Gravferd er etter ordninga i kykja, ei kyrkjeleg handling. Den er delt i to, ein minnedel og ein gudstenestedel. Det mest vanlege i Vinje er at gravferda blir avslutta med at kista blir boren ut av kyrkja og senka i grava.
Der den døde skal kremerast, vert gravferda avslutta ved at kista blir boren ut i gravferdsbilen.
Dei enkelte delane av handlinga, så som pynting, symbol og kransepålegging, må høve inn i denne heilskapen.
Det må ikkje haldast tale ved ei eventuell kransepålegging utan at den eller dei av dei pårørande som syter for gravferda, har gjeve samtykke til det.
Det er vanleg at sløyfene på kransar og båredekorasjonar vert opplesne av presten.