Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen.
Biletet: Konfirmantane frå Grungedal hausten 2021saman med prestane. Foto Gudrun Kristine Semons
I konfirmasjonstida får du høve til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre - uansett kva utgangspunkt du har. Som konfirmant får du mange nye opplevingar, treffer nye folk - og lærer meir om Gud og deg sjølv.
Sjølve konfirmasjonen skjer om hausten, og er ei forbønshandling fulgt av ei velsigning. Ei velsigning er at presten ber om at Gud må sjå deg og vere med deg i onde og gode dagar. Det er godt å ta med seg i livet!
Ønsket og elsket
Konfirmasjonstida går som oftast over eit semester i 9. klasse. Presten eller andre medarbeidarar leiar kyrkjas konfirmasjonsundervisning. I Vinje er konfirmantførebuinga del av fellesopplegget «Ønsket og Elsket». Det er eit tilbod for konfirmantane i heile øvre Telemark.
Her kan du lese meir om «Ønsket og Elsket»