Matkasser er nederlag for samfunnet


Prostidiakonen er ute med si årsmelding for 2023. I denne meldinga opplevest han meir utfordrande enn tidlegare. Matkassene er naudsynte, men avslører og velferdssamfunnets manglar, seier han m.a.

Årsmeldinga frå prostidiakon Eilev Erikstein fortel også i år om ein omfattande aktivitet, alt frå grupper for pårørande til menneske med demens, Verdiseminar både i Tokke og Vinje, Pilegrimsvandringar og grupper som er opptekne av dei globale miljøutfordringar. Men gjennom tala om mennesketreff og aktivitet, anar vi ei fortviling, at prostidiakonen vil meir enn "å stelle sår og gi pleie". Han ynskjer å finne årsaka til såra og trongen for pleie.
"Å stette naud, men ikkje la det vere med det", heiter det i eit avsnitt der han m.a. tek for seg utdelinga av matkasser i tida før jol.
Han skriv: "Køane ved matutdelingsstadane i dagens Noreg er  eit nederlag for vårt samfunn. Velgjerningar er noko anna enn diakoni. Bodskapen i Bibelen og diakonien, er rettferd. At den kristne trua må arbeide for minst mogleg skilnad, for å minske gapet mellom menneske. 
"Mine sysken, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samtidig gjera forskjell på folk." (Jakobs brev 2,1). 
Diakonien må arbeide for å hindre valden, overgrepa og fattigdomen og trongen for matposar. Det held altså ikkje berre å drive sårstell og god pleie.
"

Les heile Årsmeldinga 2023 frå Prostidiakonen her 

Tilbake