Møsstrond kyrkje 100 år


Møsstrond kyrkje 100 år blir feira no 23. og 24. september. Kulturkveld og festmiddag for "bygdefolket" laurdag,  festgudsteneste og "kyrkjesuppe" for alle sundag 24.september

Kyrkja på Møsstrond er 100 år i september i år – og blir feira! 

Soknerådet for Rauland og Møsstrond sokn har vald å legge feiringa så nært opp til 100-årsdagen for vigslinga av nykyrkja som mogeleg. Kyrkja blei vigsla 27. september 1923, og me vil feire helga 23. og 24. september, 2023. 
Den gamle Møsstrond kyrkje blei råka av lynet i 1918, og brann ned til grunnen. Møsstrendingane ville ha ei ny kyrkje. Det fekk dei, men ikkje utan kamp. Dette kan de lese om i jubileumsskriftet me vil gje ut, og høyre meir om i Pål Georg Thorrud sitt kåseri.
Det var viktig å ha ei eiga kyrkje for folket som var busett kring Møsvatn på 1920-talet. Og dei strekte seg langt for å yte sin skjerv til nykyrkja.
Kor viktig er kyrkja for møsstrendingen i dag? Korleis ville det vere ikkje å ha ei kyrkje til å feire dåp, konfirmasjon eller bryllaup i? Eller til å fylgje ein av sine næraste til den siste kvile? Ville me sakne ho om ho ikkje var der?
Soknerådet for Rauland og Møsstrond vil med dette invitere alle som bur på Møsstrond til å delta i jubiléet. 

Laurdag 23. september, kl. 13:00 – Kulturfest i kyrkja

  • Kåseri av Pål Georg Thorrud om Møsstrondkyrkja og kyrkja sin plass i bygda.
  • Song, kveding og annan musikk gjeven av lokale og regionale kunstnarar.
  • Innlagde pauser med kaffi, kaker og prat om laust og fast.
  • Inger Lien er konferansier og leiar oss gjennom programmet for dagen.

Festmiddag på Skinnarbu nasjonalparkhotell

Etter kulturfesten i kyrkja, dreg me til Skinnarbu Nasjonalparkhotell til festmiddag og festtalar. Dei som vil kan sjølvsagt overnatte på hotellet.

Sundag 24. september, kl. 12:00 – Jubileumsmesse i kyrkja

  • Messa blir i leia av biskop Stein Reinertsen og hans medarbeidarar frå prosti og sokn.
  • Etter messa blir det servert messesuppe på tradisjonelt vis på Møsstrond skule/Grendehus.
  • Dette avsluttar 100-årsjubiléet for kyrkja vår. Me vonar at det vil vere ein verdig inngang til 100 nye år for kyrkja på Hovden.

NB! Jubiléet blir sponsa av Vinje Kommune, Vinje Kyrkjelege Fellesråd, Øst-Telemarken Brukseierforening og Tinn Sparebank. Deltaking på arrangementa i kyrkja er for alle, men messesuppa  og festmiddagen på Skinnarbu er gratis for dei som melde seg på innan 1. september. 

Tilbake