Kyndelsmess - den gløymde heilagdagen


I dag 2. februar er det Kyndelsmess – ein gamal kyrkjeleg festdag der ein markerer dagen då Maria og Josef bar fram Jesus for Herren (Luk. 2.22-40). Dagen er i dag først og fremst markera i den katolske og ortodokse kyrkja. Sjølv om dagen og har fått sin plass i tekstrekkene lik andre søn- og heilagdagar i kyrkjeåret, er det få stader dagen blir markert med messer i kyrkja vår.

Herren møter Simeon. Georgisk kunstverk fra 1100-tallet. (Wikimedia Commons)
Her er heile persongalleriet frå teksten for i dag, Josef, Maria, Jesus, Simeon og Anna.


Kyndelsmesse, som dagen blir kalla på norsk, kjem av det norrøne ordet «kyndill» - ljos, det same vi kjenner frå det engelske candel. 
I primstaven er det markert med symbol for Maria, eller ljosestakar, ofte med tre armar. 
Dette er Marias reinsingsdag, etter Moselova var ho no var rein etter fødselen, og skulle gå til tempelet md sine offergåver. Maria hadde med seg «eit par turtelduer eller to dueungar» som ho bar fram for Herren
Det er mange folkelege skikkar knytt til denne dagen. Mellom anna fortel presten Hans Jacob Wille, fødd i Seljord 1756, at dei denne dagen åt ei kake dei hadde laga på jolekvelden. Dette var ei markering av at først no var jola slutt. 
Dette er og dagen midt mellom vinterdagen 14. oktober og sommardagen 14. april, så no skulle halvparten av innsamla fôr, vere att. Denne dagen bar og teikn om korleis veret resten av vinteren kom til bli, men og korleis avlinga komande haust blei. 
Ein meinte og at denne dagen snudde bjørnen seg i hiet. 
Om du er interessert i meir om denne dagen, er dette ei lenke til ein god og oversiktleg artikkel:
https://nn.wikipedia.org/wiki/Kyndelsmesse

Tilbake