Konsert med Kjetil Flatland i Grunge kyrkje 18. november


Kyrkjene er fulle av tilbod i november og desember!

 

 

Først ut er Kjetil Flatland og Helge Wahl i Grunge kyrkje fredag 18.november kl.19.00.

Eit knippe begeistra publikumarar fekk oppleve den noko koronaprega konserten dei hadde ifjor. Tilbakemeldingane var samstemte: De Må koma tilbake til Grunge!

På programmet står eigenskrivne songar, gamle tonar som høyrer til i kyrkja, og ein og annan jolesong. Det ryktast og at eit nytt album er på trappene, så kanskje me er heldige og får ein smakebit eller to frå dette?

Med song saksofon og piano fyller Kjetil og Helge kyrkjerommet med stemningsfulle tonar til å varme seg på i den mørke novemberkvelden.

Me håpar mange vil ta turen.VELKOMEN!


Andre tilbod i kyrkjene våre i november og desember:

  • Rauland kyrkje - Folkemusikkgudsteneste til minne om Myllarguten - 20. november kl. 11
  • Rauland kyrkje - Konsert med Rauland- og Haukeli/Edland musikkorps - 11. desember kl. 19
  • Vinjehuset - Verdiseminar - 12 .desember kl.12
  • Vinje kyrkje - Vi syng joli inn saman med koret «Fjellrøyst» - 17. desember kl. 17
  • Grunge kyrkje - Jolekonsert med Lina Haugholmen og Robertas Lamsodis - 20 desember kl 19
  • OG SÅ JOLA MED JOLEGUDSTENESTENE - SJÅ MESSELISTA

Tilbake