ENDRING I GUDSTENESTEPLANEN I JOLI.


Grunna auka restriksjonar grunna Koronapandemien må me endre gudstenesteplanen i joli.

 

Som alle har fått med seg, er det innført restriksjonar på kva me kan gjere, kor mange me kan vere saman, kva me må ta omsyn til når me samlast, denne joli.

Som kyrkje og som arrangør har me blitt vane med å forhalde oss til slike reglar. Det skal me klare igjen.

Me ser fram til å feire jol saman.At kyrkjene skal vere i bruk i joli. At me skal kunne vere saman og høyre joleevangeliet lest. Både joleftan og 1. og 2. joledag. Og midnattsmesse blir det i Rauland kyrkje 31.12 kl. 23.15, slik som det plagar.Grunge kyrkje får si nyårsgudsteneste 2.januar.

I år som ifjor blir gudstenestane på joleftan ute framfor kyrkjene i Rauland og Vinje. I Rauland blir det to utegudstenester.

Reglane er slik: Når me har gudsteneste inne kan me i Rauland og Vinje vere 50 stk med faste tilviste plassar. Alle må registrere seg.

I Grunge og Øyfjell som har gudstenester 2.joledag, er det plass til høvesvis 50 i Grunge og 30 i Øyfjell.

Erfaringane frå ifjor var at det var fint å kunne møtast til ei kort gudsteneste ute på joleftan. Med solosong, fellesong, lesing av joleevangeliet, faklar og himmelen til tak, vart det stemningsfulle og fine gudstenester.

1. og 2. joledag er høtidsstemte dagar. To dagar som kan ha ei anna ro over seg, der ein kan kome saman for å høyre og syngje om det som hende på Betlehemsmarka.

Slik ser programmet ut i kyrkjene våre:

24.12: Utegudsteneste .Rauland kyrkje kl.1400 og 1600

            Utegudsteneste Vinje kl. 1600

25.12 Rauland kyrkje kl.1100

           Vinje kyrkje kl.1100.

26.12: Øyfjell kyrkje kl.1100

            Grunge kyrkje kl.1100

31.12: Rauland kyrkje kl.23.15

2.januar Grunge kyrkje kl.1100.

Tilbake