KULTURKVELD I GRUNGE KYRKJE.


Torsdag 21.oktober kl.19.00 vert det kulturkveld i Grunge kyrkje.

 

I år er det 60 år sidan Ingrid Bjerkås vart innsett som fyrste kvinnelege prest i Den norske kyrkje.

Det vart eit stort nybrottsarbeid for kvinna frå Bærum og 60 år etter er det framleis mange kvinnelege prestar som møter store utfordringar.

Det vil me markere i Grunge kyrkje.

Me er så heldige å ha Anne Marie Tempelen ,eller Anne prest, som me kallar ho, som ein av våre prestar. Ho tok utfordringa på strak arm då me spurde henne om å snakke om "KVINNEPREST-KVINNER I KYRKJELYDEN".

Organist Vaida Lamsodiene kjem med gode, spennende musikkinnslag på kulturkvelden.

Det er heilt klart duka for ein interressant og innhaldsrik kulturkveld, så hald av 21.oktober.

 

Arr: Grungedal sokneråd.

Tilbake